Anne Lise Tyssebotn Gjesdal
Naturen er full av gode råvarer som kan nyttast til mat, slik som sopp, grøne ville vekster, ville bær og blomar av ymse slag.

Vill Vekst nyttar desse til vidareforedling og spennande matrettar, alt frå sursylta skogssopp til ferdiglaga suppe av skvallerkål.

Med eksamen som soppsakkyndig kan eg gje kundane tryggleik for sikker artsfesting av skogssopp, og eg kjøper også frisk skogssopp for kontroll og vidaresal.

Eg tørkar og lagrar ein del sopp, slik at eg kan gje tilbod om tørka sopp heile året gjennom.

Av blomane på svarthyllen lagar eg ei frisk og særeigen saft til drikke og dessartar, utan tilsetjingsstoff.
Bæra gjev ei mørk og kraftig saft, kjend for mange gode medisinske verknader.
Mange ville plantar er velsmakande grønsaker! Særleg er dei gode til supper av ymse slag.
Du har kanskje smaka neslesuppe med hardkokt egg?
Matsyre, skvallerkål, løvetann,- det er mykje å velja mellom!
Tytebær, blåbær, krekling!
Naturen byr på mange rikdomar, og dei ulike ville bæra høyrer naturleg med i vareutvalet.
Vill Festmat
Produkt og prisar


Bur du i nærleiken, kan du gjera deg nytte av vår "ville catering".
Vi leverer utradisjonell mat til store eller små selskap, alt laga av viltveksande råvarer.
Kva med ein festmeny med til dømes neslesuppe, sopp-pai med vill salat, og dessertfromasj med smak av svarthyllblomst?
Eller berre ei smakfull soppsuppe til kvelds?
Ta kontakt for ein prat om meny og prisar.


Rettane kan brukast som hovudrettar, eller setjast saman til ein heilskap.
Spør oss om råd!
Supper
Til alle suppene vert det servert brød og urtesmør.
Villmarksuppe 60 kr
Smakfull suppe av traktkantarell,
tilsett hvitløk og blåmuggost.
Gyllen skogsdraum 60 kr
Krema suppe med smak av gullgul kantarell frå solvarme bjørkelier.
Haustglød 55 kr
Septembersmak i flytande form. Suppe sett saman av ulike soppartar i blandinga.
Vårsuppe 50 kr
Lekker og grøn suppe laga av vårens ville vekster, kryda med bergmynte og ramsløk.
Fransk på norsk 50 kr
Vår variant av ei klassisk fransk suppe, med matsyre som hovudingrediens.
Juninatt 50 kr
Mørk grøn og freistande suppe laga av tangmelde, ein plante som veks på stranda.
Neslesuppe 45 kr
Brennesle omskapt til velsmakande energibombe.
Skvallerkålsuppe 50 kr
"If you can't beat it, - eat it!" Og så smakar det faktisk godt!
Ostepaiar
Sopp-pai 60 kr
Gyllen pai fyllt med sopp og løk.
Grønpai 50 kr
Vårens ville vekster som paifyll samen med egg og løk.
Dessertar og bakst
Hylleblomstfromasj 35 kr
Bleikgul fromasj smaksett med saft av hylleblomst. Mild og frisk, servert med kreklingsaus.
Trollkrem 30 kr
Tyttebærskum slik bestemor laga det.
Blåbærdraum 30 kr
Yoghurtgelé med blåbær.
Blåbærmuffins (2 stk.) 20 kr
Lyse og søte, perfekt til kaffikoppen.
Krydderkake med tyttebær (1 snei) 10 kr
Saftig og god formkake med tyttebær.
Drikke
Hylleblomstsaft 10 kr
Solbærsaft med mynte 10 kr
Set sammen eit måltid slik du ønskjer det.
Ei kraftig suppe kan vera eit heilt måltid. Med ein dessert etterpå, vert du god og mett.
Men kanskje vil du ha noko meir?
Du kan godt bestilla eit 3-rettars måltid dersom du ønskjer det.
Då føreslår vi ei grøn suppe til førsterett og ein sopp-pai etterpå.
Til dessert passar det godt med Trollkrem.
PRODUKT
SOPP
Frisk sopp (sesongvare) av alle tilgjengelege arter
Tørka sopp (heile året), ein / to/ vanlegvis fleire av desse artene
traktkantarell
gul trompetkantarell
svart trompetsopp
steinsopp

svartbrun rørsopp
Sursøt skogssopp Skogssopp nedlagt i eplesidereddik, tilsett kvitløk og krydder
SVARTHYLL
Hylleblomstsaft Frosen saft av svarthyllblomst, tilsett sitron og sukker
Hylleblomstsirup Inndampa saft av svarthyllblomst
Hyllebærsaft Saft av modne svarthyllbær
Hylleblomst-te Tørka blomar av svarthyll gjev ein mild og avslappande te
VILLE BÆR
Tyttebærchutney Frisk kryddersaus laga av tyttebæt, eple, løk, krydder, raudvinseddik og sukker.
Tyttebærsaft Frosen råsaft av tyttebær, tilsett sukker
Rognebærgelé Gyllen gelé av rognebær, med eller utan eple

VILL FESTMAT
Supper traktkantarellsuppe – skogssmak i kvar skeifull
gyllen kantarellsuppe – seinsommar i flytande form
blanda skogssopp-suppe – fyldig suppe av fleire soppartar
neslesuppe – også kalla ukrutt i metamorfose
skvallerkålsuppe – "if you can't beat it,-eat it!"
tangmeldesuppe – mørk grøn suppe laga av ein slektning av meldestokken
grøn vårsuppe – ville vekster i blanding, krydra med ramsløk og bergmynte
matsyresuppe – vår variant av ei klassisk fransk suppe
Paiar Sopp-pai med ost og løk – saftig og smakfull
Pai med grønt fyll – pai fylt med ville vekster, løk ,ost og egg
Dessertar/bakst Blåbærdraum – yoghurt-gelé med blåbær
Hylleblomstfromasj – fyldig fromasj med mild hylleblomstsmak
Trollkrem – tyttebærskum med minne om barndommen
Tyttebærgelé
Blåbærpai
Rabarbrapai
Tyttebærkake
Tyttebærkake med krydder
Blåbærmuffins
Vi prøver ofte ut nye produkt, så ta kontakt og spør kva som måtte vera sesongaktuelt!
Vill Vekst tilbyr kunnskapsformidling og inspirasjon til små og større grupper.
Bli med ut på naturlostur og opplev naturen på ein ny måte. Plukk din eigen ville salatbolle eller sopp til ei smakfull suppe, alt etter årstida.

Små og større grupper eller privatpersonar får sikker hjelp til å læra å hausta frå naturen sitt eige spiskammer.
Kurs på ulike nivå.

Agronomutdanna
Soppsakkyndig frå 1992
Har arbeidd med plantar gjennom heile livet
Har drive soppkurs og naturlosturar gjennom mange år
Medlem av Norsk Gardsmat
Leverandør av sopp og ville vekster til mange gode restaurantar og ferdig mat etter avtale

Anne Lise
Tyssebotn Gjesdal

Bjelland,
4330 Ålgård
Tlf.: 51 61 68 51

Mottak, foredling og sal. For meir
informasjon eller bestilling, send ein e-post
.