Kan dette etast?

Vill Vekst tilbyr kunnskapsformidling og inspirasjon til små og større grupper. Bli med ut på naturlostur og opplev naturen på ein ny måte. Plukk din eigen ville salatbolle eller sopp til ei smakfull suppe, alt etter årstida. Her får du sikker hjelp til å læra å hausta frå naturen sitt eige spiskammer. Kurs på ulike nivå.

Skogens spiskammer

Ville grønne vekster, ofte kalla ugras.

 

Mange ville plantar er velsmakande grønsaker! Særleg er dei gode til supper av ymse slag. Du har kanskje smaka neslesuppe med hardkokt egg? Matsyre, skvallerkål, løvetann, -det er mykje å velja mellom!

Soppkurs

Med eksamen som soppsakkyndig kan eg gje kundane tryggleik for sikker artsfesting av skogssopp, og eg kjøper også frisk skogssopp for vidaresal. Eg tørkar og lagrar ein del sopp, slik at eg kan gje tilbod om tørka sopp heile året gjennom.

Kva Lagar eg?

Naturen er full av gode råvarer som kan nyttast til mat, slik som sopp, grønne ville vekster, ville bær og blomar av ymse slag. Vill Vekst nyttar desse til vidareforedling og spennande matrettar, alt frå sursylta skogssopp til ferdiglaga suppe av skvallerkål.

Vill Vekst er eit ressurssenter for kunnskap om
viltveksande matvekster i norsk natur.

Vi har tilbod om foredrag i ulike emne innan same fagfeltet.

Dette er dei mest brukte foredraga:

Grønt er skjønt

Om viltveksande grøne matvekster.

Sopp er topp

Eit glimt inn i det spennande soppriket.

Skogens spiskammer

Ein tur gjennom hausteåret

Ville vekster for tørking til te
og krydder, eddik og oljer

Ville bær, ein unytta ressurs

 

Vi tilbyr ulike kurs i bruk av ville grøne matplantar.

Steinsoppfest

Steinsoppfest King Boletus, Karl Johans sopp, herresopp, - steinsoppen har mange flotte namn, som viser ein opphøgd status. For mange er han toppen av det sopphausten kan ha å by på. Det er ikkje lett å vita kva tid steinsoppen vil dukka opp. Men det...

les mer

Tyll i deg hyll!

Å vandra mellom svarthylltre ein solvarm julidag er ei berusande oppleving. Den bittersøte lukta er lukta av sankthans og høgsommar. Svarthyll, Sambucus nigra, er eit lite tre, eller ein stor busk. Stundom frys han kraftig tilbake, men kjem som...

les mer

Anne Lise Tyssebotn Gjesdal starta verksemda som eit enkeltpersonsføretak i 1998.

Ho har arbeidd med plantar på ymse vis gjennom heile livet,er utdanna agronom og har eksamen som soppsakkyndig.

Vill Vekst omset ville vekster ved både mottak og sal. Vi omsette i mange år kontrollert skogssopp direkte til restaurantar i området, men no går alt dette salet gjennom Bama. Så om du ønskjer å kjøpa frisk, kontrollert skogssopp frå oss, kan du venda deg dit! Tørka sopp omset eg direkte.

Ta gjerne kontakt!