Å vandra mellom svarthylltre ein solvarm julidag er ei berusande oppleving. Den bittersøte lukta er lukta av sankthans og høgsommar.

Svarthyll, Sambucus nigra, er eit lite tre, eller ein stor busk. Stundom frys han kraftig tilbake, men kjem som regel att i stadig tettare buskform. Blada kan minna om askeblad. Svarthyllen likar næringsrik jord, og svært ofte finn eg svarthyll midt i eit brenneslekratt. 

Når svarthyllen blomstrar, er han dekka av store, flate, gulkvite skjermar, som luktar sterkt.Alle grøne deler på svarthyllen er giftige. Men blomane kan brukast til nydeleg saft, dessutan til smaksetjing av eddik. 

Vi kan og laga ein nydeleg sommardessert av friske hylleblomar dyppa i tjukk pannekakerøre og frityrsteikt, servert med halvsmelta vaniljeis.Hylleblomane kan også tørkast til te. Hylleblomstte smakar mildt og godt, og er ein avslappande og varmande kveldste, gjerne om ein er litt frostig. Teen opnar porene og er sveittedrivande.

Men framfor alt er hylleblomane basis for nydeleg hylleblomstsaft, kjemperask og lett å laga. Her er mi oppskrift:Du plukkar ei 10-liters-bøtte full av nyutsprungne hylleblomar. Oppi blomane har du rive skal (berre det gule) og saft av 3 sitronar. Kok opp 10 l vatn, og rør inn 2 kg sukker og 30 gram sitronsyre. Hell den kokande sukkerlaken over blomane. Set bøtta kaldt i 3 døgn, rør om dagleg. Så siler du safta frå, har på flasker og frys ned. Bland ut ca 1-1 og du har ein herleg drikk. Safta kan også brukast som grunnlag for spennande dessertar og drinkar.

Om du ikkje plukkar alle blomane av svarthyllen din, kan du etter ein god sommar få mogne svarthyllbær. Langt utpå hausten, gjerne i slutten av september/ starten av oktober, kan vi plukka store, lekre klasar av svarthyllbær. Bæra er nesten svarte og glinsande, og safta dei gjev er mørk raud og litt tung i smaken. Den er full av antioksidantar og vitaminer, og noko av det sunnaste som finst. Men kjernen inni bæra inneheld dessverre ein god del giftstoff. Dette kan vi bli kvitt om vi tilbereider safta slik:

Reins vekk dlad og stilkar frå klasane. Veg bærmassen og ha han i ei gryte. Tilset 5 dl vatn til kvar kg bær, kok opp, og lat det koka i minst 15 minuttar. Hell massen i bærstriepose e.l., og sil safta ifrå. Mål opp safta og ha ho i rein gryte, kok opp. Når safta kokar, tilset du sukker og rører til alt er oppløyst. Du sukrar etter smak og behag. Ha så safta på varme glasflasker og kork godt. Sjølv brukar eg ganske mykje sukker i denne safta, heile 5 dl sukker pr liter sur saft. Safta brukar eg mest medisinsk for kropp og sjel, dvs eit krus varm hyllebærsaft når forkjølelsen set seg i halsen eller tungsinnet set seg i sjela. 

På kalde vinterkveldar lagar eg Hyllebærgløgg. Alle i huset blir glade!

 

Hyllebærgløgg

1 fl. hyllebærsaft  500 ml

Krydderuttrekk av:

3 kanelstenger

2 bitar tørka ingefær

2 ts. kardemommekjernar

2 ts . heil nellik

vatn

mandlar, nøtter, rosiner

 

Kok opp 3 dl vatn saman med kryddera, og lat det trekkja i 20 min. Sil blandinga, og mål opp væska.
Set til meir vatn så det blir totalt 7,5 dl. Ha dette tilbake i gryta, og  varm opp saman med  hyllebærsafta.
Tilset mandlar etc. etter smak, aus opp og  nyt smaken!