Foredrag

Er du på leit etter eit programinnslag for ein kveld i ditt lokale lag eller forening?

Eg kjem gjerne og held foredrag om ymse emne, alle innafor ramma «mat frå vår ville natur».

Eit foredrag kan eg leggje opp innanfor den tidsramma de ønskjer, mest vanleg er 1 1/2 – 2 timar.
Eg brukar PowerPoint i presentasjonane mine, og har eit rikt biletmateriale.
I sesongane kan eg også ha med friskt demonstrasjonsmateriale når det er mogeleg. Eg har særleg besøkt hagelag, bygdekvinnelag og husflidlag og sjølsagt sopp- og nyttevekstforeningar.

Det er også mogeleg å bestilla eit enkelt måltid til ein foredragskveld, t.d. skogssoppsuppe til eit soppforedrag eller neslesuppe til eit grønt foredrag. Eller heilt enkelt hylleblomstsaft som kan forfriska deltakarane, uansett emne.

Eg reiser ein god del rundt i Rogaland, Hordaland og Agder med foredraga mine, og av og til ønskjer folk å få mest mogeleg ut av foredragshaldaren, på grunn av lang reise. Då arrangerer dei ein «Vill dag». Det kan f eks lagast ein fagdag ein laurdag, med 2 timars foredrag kl 10.00 – 12.00, Pause/gå ein tur kl 12.00 – 14.00, og nytt foredrag kl 14.00 – 16.00.

Eg hjelper gjerne til med å tilpassa dette slik at de får det slik det høver best for dykk.

Kort sagt: Treng de programinnslag? Ta kontakt!

Foredrag Grøne ville vekster:

Grønt er skjønt!

Mange av dei grøne ville vekstane vi brukar til mat er det vi kallar «ugras». Dei har ofte eit dårleg rykte, og mange trur at mat av slikt er krisemat.
I mine foredrag presenterer eg ein del av dei beste viltveksande grønsakene våre, om tradisjonen for bruken, fortel om kva dei inneheld, kvar og når vi kan vente å finne dei, og kjem med forslag om ulike måtar å bruka dei på.
Du får tips til supper, sausar, paiar og middagsrettar du kan laga. Dei fleste av plantane kjenner mange frå før, men tradisjonen og bruken av dei er ukjend for dei fleste.

Etter dette foredraget kan det hende at naturen får ein ny dimensjon, slik at kvar gong du rundar ein sving,
tenkjer du: «Kva er det her eg kan eta?»

Foredrag om sopp:

Sopp er topp!

I dette foredraget får du eit glimt inn i den spennande soppverda.

  • Kva er sopp, korleis lever han?
  • Kva er mykorrhiza?
  • Korleis kan vi vera sikre på at soppen vi har funne ikkje er farleg?

Desse, og mange andre spørsmål får vi svar på i dette foredraget.
I tillegg får vi sjå på og høyra om ca 25 ulike soppar, både matsoppar og giftsoppar, og læra å kjenne dei att i naturen.

Skogens spiskammer

Her får du bli med på ei reise gjennom hausteåret, slik ho kan arta seg for ein sankar.
Vi startar med sevjetapping i mars, tek for oss ein del av vårens ville grøne vekster, er innom svarthyllen og hylleblomstsaft, nokre ville bær blir presenterte, og så avsluttar vi med det hausten har å by på, ein del soppar blir presenterte, til vi avsluttar med dei siste haustsoppane og korleis du kan laga deg ein god kopp vinterte.

Ville vekster for tørking, til te og krydder, eddik og oljer

Dette foredraget handlar om korleis vi best mogleg kan bevara smak og eigenart hjå dei ville vekstane, slik at vi kan gleda oss over dei gjennom heile året.
Vi er innom vanlege konserveringsmåtar, som tørking og frysing, men lærer også om å smaksetje eddik og olje. Du lærer også å fermentera din eigen te!

Ville bær – ein unytta ressurs

Visste du at vi har omlag 20 viltveksande bærslag her i landet som kan brukast til mat og drikke?
Kor mange av dei kjenner du, for ikkje å nemna kor mange brukar du?

Dette foredraget tek for seg omlag 20 arter, og kjem med forslag til bruk.