Er du på leit etter eit programinnslag for ein kveld i ditt lokale lag eller forening?
Eg kjem gjerne og held foredrag om ymse emne, alle innafor ramma «mat frå vår ville natur».
Eit foredrag kan eg leggje opp innanfor den tidsramma de ønskjer, mest vanleg er 1 1/2 – 2 timar.
Eg brukar PowerPoint i presentasjonane mine, og har eit rikt biletmateriale.
I sesongane kan eg også ha med friskt demonstrasjonsmateriale når det er mogeleg. Eg har særleg besøkt hagelag, bygdekvinnelag og husflidlag og sjølsagt sopp- og nyttevekstforeningar.
Det er også mogeleg å bestilla eit enkelt måltid til ein foredragskveld, t.d. skogssoppsuppe til eit soppforedrag eller neslesuppe til eit grønt foredrag. Eller heilt enkelt hylleblomstsaft som kan forfriska deltakarane, uansett emne.
Eg reiser ein god del rundt i Rogaland, Hordaland og Agder med foredraga mine, og av og til ønskjer folk å få mest mogeleg ut av foredragshaldaren, på grunn av lang reise. Då arrangerer dei ein «Vill dag». Det kan f eks lagast ein fagdag ein laurdag, med 2 timars foredrag kl 10.00 – 12.00, Pause/gå ein tur kl 12.00 – 14.00, og nytt foredrag kl 14.00 – 16.00.
Eg hjelper gjerne til med å tilpassa dette slik at de får det slik det høver best for dykk.
Kort sagt: Treng de programinnslag? Ta kontakt!
No har du sjansen til å bli med på soppkurs på Osterøy!
Unn deg sjølv ei helg på Fjordslottet Hotell på vakre Osterøy! På Fjordslottet får du glimrande forpleining, og vi lærer i hyggeleg selskap.
Fredag 18. september til søndag 20. september
Innsjekk etter kl 16.00 fredag
For detaljar, sjå link her:
https://facebook.com/events/s/sopp-er-topp-velkommen-til-gru/338606860608668/?ti=icl
Kurset passar både for nye sopp-plukkarar og for dei som kan litt frå før.
Det er praktisk bygd opp med demonstrasjon av friskt materiale.
Laurdagen blir det soppsanking i vakker Osterøynatur.
Her er litt om kursinnhaldet:
- Litt historikk og soppane sin plass i naturen.
- Soppane si oppbygning og inndeling i hovudgrupper.
- Demonstrasjon av friskt materiale og med PowerPoint.
- Gjennomgong av dei ulike soppgruppene.
- Grundig innføring i 10 – 12 av våre vanlegaste matsoppar og eventuelle forvekslingsartar.
- Giftige soppar og sopp-forgiftningar.
- Plukking, rensing, tillaging.
Fredagen blir det teori inne, laurdagen ekskursjon med plukking og soppkontroll.
Soppsakkyndig Anne Lise Tyssebotn Gjesdal har det faglege ansvaret for kurset.
Undervisningslokale og lokalitetar for turen kjem vi tilbake til.
Bli med på kurs for kunnskap og inspirasjon!
For fleire opplysningar og påmelding:
https://facebook.com/events/s/sopp-er-topp-velkommen-til-gru/338606860608668/?ti=icl
I 2020 vert det ikkje noko slikt kurs, men vi håpar å få det til i 2021.
Følg med her på sida!
Dette kurset passar både for nye sopp-plukkarar og for dei som kan litt frå før.
Det er praktisk bygd opp med demonstrasjon av friskt materiale.
Meir enn halve kurset er også soppsanking i det fri.
Men kanskje du syns at du kan for lite?
No har du sjansen til å bli med på soppkurs!
Kurset passar både for nye sopp-plukkarar og for dei som kan litt frå før.
Det er praktisk bygd opp med demonstrasjon av friskt materiale.
Meir enn halve kurset er også soppsanking i det fri.
Diverre arrangerer eg ingen kurs sjølv i år! Følg med til neste år!
Første kveld kl 18.00 – 22.00 blir det undervisning inne.
Her er litt om kva vi skal læra om:
- Litt historikk og soppane sin plass i naturen.
- Soppane si oppbygning og inndeling i hovudgrupper.
- Demonstrasjon av friskt materiale og med PowerPoint.
Gjennomgong av dei ulike soppgruppene. - Grundig innføring i 10 – 12 av våre vanlegaste matsoppar og eventuelle forvekslingsartar.
- Giftige soppar og sopp-forgiftningar.
- Plukking, rensing, tillaging.
To turar kl 18.00 – 20.30. Vi går på tur, og deltakarane får samla sin eigen sopp, som blir kontrollert etterpå.
Lokalitetar for turane blir bestemt rett før kurset.
Pris for heile kurset er 900 kr.
Meir informasjon og påmelding til Vill Vekst, Anne Lise Tyssebotn Gjesdal,
tlf. 99233336, på e-post: post@villvekst.no, eller på Facebook.
På Facebook-gruppa mi, VILL VEKST – MAT FRÅ NATUREN, finn du og meir informasjon etter kvart.
Mange har i årevis spurt etter eit kurs som går vidare enn grunnkurset.
I 2020 vert det ikkje noko slikt kurs, men vi håpar å få det til i 2021.
Følg med her på sida!
Fleire av dykk som har spurt er no soppsakkyndige sjølv, men eg trur det finst mange av dykk andre som ønskjer seg meir kunnskap.
Vi startar med 2 kveldar undervisning inne. Så blir det ekskursjon med innsamling og bestemming av sopp.
Teorikveldane heldt vi til i lokala til Fredly Bedehus, ved Ålgård.
- Første kveld kl 18.00 – 22.00 blir det undervisning inne.
Repetisjon – kort gjennomgang av det vi lærde på grunnkurset, med presentasjon av nye arter innanfor gruppene. Korleis skilja slektene? - Andre kveld kl 18.00 – 22.00.
Deltakarane har med seg det dei har klart å finne av arter, og vi prøver å bestemma dei. Resten av kvelden går vi vidare med dei ulike slektene.
- Tredje kveld kl 17.00- 20.30.
Tur /ekskursjon, med plukking og bestemming.
Pris for heile kurset er 1000 kr.
Meir informasjon og påmelding til Vill Vekst, Anne Lise Tyssebotn Gjesdal,
tlf 99233336, på e-post: post@villvekst.no, eller på Facebook.
På Facebook-gruppa mi, VILL VEKST – MAT FRÅ NATUREN, finn du og meir informasjon etter kvart.
Vennleg helsing
Anne Lise Tyssebotn Gjesdal
soppsakkyndig